Sidemeny+

Anders møtte bjørnen

Posted on 20. aug 2002 by in Jordbruk

På jakt etter to værar kom Anders Bårdson Bruhjell over ein sovande bjørn innom fjellstølen Løyningane.

Plassering i kart

Anders møtte bjørn
Ein haust var Anders Bårdson Bruhjell på leiting etter to værar. Han gjekk opp på Bruhjellstølen og ned att til Løyningane, heimestølen til garden Tue. Med det same han kom over grova innom selbøen, gjekk han inn i ein tett sprakakave. Der låg ein stor bjørn og sov. Det var so nær han kunne trakka på bjørnen.

Torde ikkje rikka seg
Anders vart ståande dørgande stille like attmed bakenden av bjørnen. Han torde ikkje rikka seg. Han hadde ei lita øks i handa. Han tenkte på om han skulde hogga øksa i bjørneryggen, men han torde ikkje. Om ei stund tok bjørnen til å leda på seg. Han letta på hovudet og tok til å vera.

Då skreik han
Med eitt reiste bjørnen håra, gjorde eit byks og for inn i skogen. Då fyrst kom Anders seg til å gaula og skreik at han kunne. Per Mel, ein kjend bjørneskyttar, høyrde om dette seinare. Han var betre van med bjørn enn nokon annan i bygda. Han sa at Anders hadde gjort rett. Hadde han vekt bjørnen fort eller såra han med øksa, hadde bjørnen teke livet hans. Det var ein stor feit bjørn.

CC BY-NC 4.0 Anders møtte bjørnen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Løyningane