Sidemeny+

Ådne var den første i Langedalen

Posted on 21. aug 2002 by in Immateriell kulturarv

Etter segni var det Ådne Fjærestad som fann Langedalen.

Plassering i kart

Etter segni var det Ådne Fjærestad som fann Langedalen
Etter segni var det Ådne Fjærestad som fann Langedalen. Han var borte i fjellet i 3 dagar, og då kom han over dalen. Ådne tok dalen som støl. Ådne levde på 1700-talet. Seinare stølte sorenskrivar Bramdrup i Sande der. Sorenskrivaren skal ha vore der kring 1765. I 1785 sende futen Bang brev til amtmannen. Der skreiv han om Langedalen: » For omtrent 20 Aar siden skal daværende Sorenskriver som boede på Balestrand, have betjent seg av denne Strækning til Sommerstøl. Saadant skal og en Bonde sammesteds før ham have gjort». Bonden som er nemnd her, kan ha vore Ådne Fjærestad.

CC BY-NC 4.0 Ådne var den første i Langedalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 399
Kommune: Langedalen