Utsyn mot Skardavatnet
Utsyn nedover Skardavatnet mot Agastølsvatnet. Framme i biletet ser me deler av den gamle stølsvegen som bøndene opparbeidde for å letta tilkomsten til Langedalen. Eit stykke lenger framme på høgre sida er det eit glatt og vått svaberg som skapte vanskar. Bøndene hadde boltar og sikring her. I dag er dette borte. Det tryggaste i dag er å gå nede ved vasskanten. Her ligg det steinar ein kan stiga på. Er vannstanden høg, kan ein vassa.
Foto: Trond Sundby. 21. juli 2002.
Plassering i kart
Utsyn mot Skardavatnet av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.