Sidemeny+

Kallbakk

Posted on 18. jul 2002 by in Jordbruk

Kallbakk var fjellstølen til begge bruka på Skåsheim. Stølsvegen tek til ved gardsvegen til garden Skåsheim like før ein kjem fram til tunet. Ein kan og fylgja skogsvegen fram Skåsheimsdalen og gå inn på den gamle stølsvegen siste stykket. Tid: ca. 1 time.

Plassering i kart

Nytt sel på Kallbakk
På slutten av 1600-talet vart Skåsheim delt i to bruk. Begge bruki hadde fjellstøl på Kallbakk. Der var det stølskveer. Murane etter stølskveene syner enno. I 1866 vart det bygt nytt sel på Kallbakk. Om dette skreiv Kristen Skaasheim seinare: » Huset blev opsat av Bjørn Hagen og os og det blev ikke ganske billigt.» Dette selet brann ned i 1904. Nytt sel vart bygt i 1905. Siste veka i august var det vanleg at dei tok kyrne heim frå Kallbakk.

Sel bygt opp att etter brann i 1905
Selet som vart bygt i 1866 på Kallbakk, brann ned i 1904. Nytt sel vart bygt i 1905. Dei reiv då eit stabbur i tunet og nytta material derifrå til nytt sel. Stabburet var bygt av material frå ei bu som stod ved Lossåkeren litt nordaust for fjøset slik det står i dag.

Mjølk frå sauene
På Kallbakk var det løe og høyhjell over lammahuset. Lauvet og høyet vart frakta heim på vinterstid på føri. Ingrid Øygarden Ese tente hjå Johannes frå 1852 til 1857. Ho stidde på Kallbakk. I hennar tid mjølka dei sauene. Dette gjorde dei fram mot hundreårsskiftet. Dei stengde då lammi inn i lammahuset om kvelden slik at sauene skulle få fylla juri.

Frieri på Kallbakk
Kristen Kristenson frå Fjærestad gjekk på frieri til Sitona i Holmen som ein sommar var budeie på Skåsheim. Faren likte ikkje dette frieriet. Han stod opp or sengi og gjekk til Kallbakk og leidde sonen heim etter luggen, som det heiter. Men heimkomen og med faren somna, drog sonen til støls att. Sitona heitte Falck og var av tysk vevarætt. Kristen gav etter, og Sitona vart kone på Fjærestad.
Om det sa gamle Kristen seinare: «Eg kan aldri fulltakka min himmelske Gud fordi eg bøygde meg for dei unge.» Sitona skulle vera so uvanleg snill mot gamle Kristen. Kristen var blind i 12 år.

CC BY-NC 4.0 Kallbakk av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Kallbakk