Sidemeny+

Igdedalen

Posted on 18. jul 2002 by in Jordbruk

Fjellstøl for bruka på garden Kvamme. Igdedalen rekna dei ei tid for god fjellstøl for om lag 15-18 kyr. Dei var der om lag 7 veker. Stølsvegen frå Kvamme mot Igdedalen gjekk over Flaug (Flå). Dei rekna 5 timar med kløv frå Igdedalen til Kvamme.

Plassering i kart

Lang og tung stølsveg
Igdedalen rekna dei ei tid for god fjellstøl for om lag 15-18 kyr. Dei var der om lag 7 veker. Det er verhardt i Igdedalen. Fjellet i heimkanten av dalen heiter Flaug (Flå). Der står i dag nye linkstasjonen. Stølsvegen frå Kvamme mot Igdedalen gjekk over her. På toppen av Flaug ligg eit rundt vatn som heiter Buførevatnet. Eit anna vatn nærare Igdedalen heiter Tryglebotn. Det er noko langt og smalt som ein trygel med fjell på alle sider. Der er ingen dalbotn, men det ser ut som botn av ein trygel.
Nedover frå Flaug mot stølen i Igdedalen er det bratt lende med glatte svaberg fleire stader. Med kløv gjekk dei på 5 timar i eitt til Kvamme. Då kløvja dei ikkje av. Hestane vart trøytte med kløv på 90 til 100 kilo. Svaberga over Flaug var så håle og bratte at hestane måtte vera godt skodde om dei skulle koma fram. Dersom skoa var slitne, måtte dei slå i nye saumar med store hovud. Dei måtte sjå etter hesteskoa kvar gong dei skulle til støls.

Buferd i snø og kulde
Sommaren 1940 kom snøen tidleg om hausten medan dei var i Igdedalen. Dei laut då reisa og henta buskapen heim att før vanleg tid. Dette kalla dei å ”løypebuføra”. Ola Kvamme sa då til drengen at han skulle ta med seg vottar. Dette tykte drengen var unødvendig – det var då sommar. Det vart no likevel til at han tok vottane med. På den heimferda laut dei setja tog kring kvart einskild beist på 3 stader og hala dei opp dei verste partia på stølsvegen frå dalen og opp på Flaug. Oppe på Flaug var det minst 30 cm snø. Dette var både tungt og kaldt arbeid. Vel heime att sa drengen at han hadde vore glad for vottane. Dei som ikkje hadde hatt vottar hadde frose ilt på hendene då dette stod på. Vestveret ligg hardt på Flaug.

Siste sommaren i 1942
1942 var siste sommaren dei støla i Igdedalen. Igdedalen høyrde frå gamalt av visst nok til Balestrand. Igdedalen eig ned i Stordalen – heimom Tjørnene. Det står ein merkestein i ein liten grasbakke heimom den heimste tjørna. Dette er på vestsida. På austsida gjekk merket i ei glenne i Geitefjellet. Det kan vera at dette har vore den gamle grensa mellom Balestrand og Kvamsøy. Eit lite stykke framom sela i Igdedalen er det ein rund haug som dei kallar Huldehaugen. Me kjenner ikkje til segner knytt til denne.

Fårlege beite
Det er fårlege beite i Igdedalen. Dei laut alltid halda auga med beisti. Oksla heiter fjellkanten på austsida av dalen. Rennesvoi heiter nokre slette svaberg framom sela.
I Igdedalen hadde dei og kyrne i Stordalen to dagar i veka. Budeiene laut jaga beista att og fram. Igdedalen var kjend for det gode smøret som kom derifrå. Ola Kvamme, d. 1931, fortalde at han på Ljossalsida i Igdedalen hadde sett eit stort hol i fjellet. Når han sleppte ein stein i holet, høyrde han at steinen for langt ned. Dette kan vera ein stor fåre i laus snø.

Nytt sel og bjørn i buskapen
Sommaren 1881 bygde Ola Kvamme nytt sel i Igdedalen. Ein morgon han arbeidde med dette, såg han ein stor bjørn mellom buskapen. Bjørnen gjorde dei ikkje noko, men det var ein svært stor bjørn. I Igdedalen har det vore 2 sel, og under sela var det fjøsar til beisti. Tømmeret til sela hogg dei på heimestølen Supphella og skar det med handsag. Så køyrde dei om våren på skaren fram til Flaug. Derifrå løypte dei det ned Buførebakken og køyrde det so om lag 400 meter fram til seltufta. Ola Kvamme bordkledde selet i Igdedalen. Han køyrde 6 bord, 3 på kvar side og bora hol i det eine slik at selepinnen på hesten kom gjennom. Slik køyrde han borda frå Kvamme til Flaug. Borda var noko slitne i den enden som nådde i marka. Dei rende så borda ned Buførebakken og køyrde dei so vidare fram til selet.

CC BY-NC 4.0 Igdedalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Igdedalen