Sidemeny+

Brekka

Posted on 18. jul 2002 by in Jordbruk

Fjellstøl for gardane Tuftedal, Flesje og Tue. Fram til kring 1950 stod det 9 sel på Brekka. I dag står 3 att. Gamle stølsvegar frå Tuftedal, Flesje og Tue. Lettaste tilkomst i dag er fram skogsvegen frå Tue. Siste del av turen går på gamal stølsveg frå vad over Tusselva og opp til stølen. Tid frå riksvegen: ca. 45 min.

Plassering i kart

Fjellstølen vart flytt til Brekka
Framme i Songdal heiter det Seltuftene. Her skal det ha vore gamal fjellstøl for gardane Tuftedal, Flesje og Tue. Det vert fortalt at ei skrede frå Bukkaberg kom og tok stølshusa på Seltuftene. Etter dette vart stølen flytt til Brekka som ligg kring 30 min. nærare gardane.

Stølstida
Det var vanleg å dra til heimestølane ei veke ut i juni og til fjellstølen Brekka kring 1. juli. Dei buførte attende til heimestølane 5.-10.september, og buskapen kom heim kring 20. september.

Vaskevad
I nedre delen av Songdal heiter det Vaskevad. Hit måtte budeiene bera alle bidni frå stølen. Det kunne vera mjølkekoppar, bytter, strokkar og lignande. Dei vaska og skurte og bar dei ned att til stølane klare til bruk.

CC BY-NC 4.0 Brekka av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Brekka