GeoAtlas med nye løysingar

Dei som har nytta GeoAtlas tidlegare vil oppdaga at det har skjedd endringar. Etterspurnaden etter tenesta har auka og GeoAtlas dekkjer heile landet.


Når du vil inn for å lesa artiklar vel du "For deg som vil sjå". Noko av det nye er at du kan søka fram artiklar etter språk og fleire kategoriar er komme på plass. Du kan og leggje inn kommentarar på artiklar.


Du som vil legga ut artiklar på GeoAtlas vel "For deg som er brukar". Her vil du sjå at brukarhandteringa har endra seg. Det er vorte enklare ved at ny brukarar kan registrera seg sjølve og redaktøren ( læraren) kan oppretta brukargrupper. Namnet på gruppa vil syna øvst på artikkelen. Vi vonar dette vil gjera GeoAtlas enklare og meir attraktiv ta i bruk.

 

Velkomen til GeoAtlas

På GeoAtlas publiserer lærar, elevar og fleire artiklar som tek utgangspunkt i deira nærmiljø. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Her finn du mange spennande og fint illustrerte historier. Kanskje får du nokre idear til ditt eige arbeid? For deg som er lærar eller elev er muligheita til å arbeida tverrfagleg stor – du kan kombinera fag som realfag, praktisk estetiske fag, samfunnsfag og språkfag. På GeoAtlas vert alt knytt saman i eit interaktivt kart og kunnskapen som betyr noko for deg vert teken vare på.