Sidemeny+
Read more

Målingar er eitt av hovudområda i matematikk og med eigne kompetansemål etter 2., 4., 7., og 10. årssteget. Her tek me opp bruk av GIS (geografisk informasjonssystem) som eit digitalt verktøy til måling av lengd og areal. Artikkelen viser samhandling mellom høgskule og grunnskule i eit lite utviklingsarbeid for ein vidareutdanningsstudent i matematikkdidaktikk ved HSF. Elevane er frå Kvam skule i Nord-Fron kommune.

Read more
Read more

Kvam skule er ein 1-7 skule i Nord-Fron kommune. Sissel Moen er lærar ved skulen og som student på vidareutdanninga Matematikkdidaktikk for mellomsteget (Høgskulen i Sogn og Fjordane), har ho levert ei oppgåve om matematikk og nærmiljøet. Artikkelen tek sikte på å inspirera  lærarar til å «leita» etter matematikk i nærmiljøet.

Read more
Read more

I læreverket for Kunnskapsløftet er det utarbeidd føremål og retningsliner for utdanningsval som gjeld frå og med skuleåret 2008/2009. Med dette som utgangspunkt har Hyllestad skule utarbeidd ein førebels plan for faget der eit av tiltaka/deltema er 4 dagars hospitering ved vidaregåande skule. Dette tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Dale vidaregåande skule og grunnskulane i HAFS-regionen, og med utgangspunkt i positive tilbakemeldingar frå liknande opplegg i dei to siste skuleåra, har dei same skulane satsa på liknande opplegg for inneverande skuleår, men med dei endringar at vi prioriterer to utdanningsområde. 3 dagar på første valet og ein dag på andre valet.

Read more
Read more

Florø barneskole er den største barneskolen i Sogn og Fjordane. Den ligg midt i Florø sentrum. I år er det 507 elevar. Skolen ligg fint til i naturskjønne omgjevnader. Nærmaste nabo er to åsar, Litleåsen og Storåsen. I tillegg finn ein to vatn, Storevatnet og Litlevatnet. Desse omgjevnadene gjer store moglegheiter for utfalding og opplevingar. I og ikring åsane er det eit rikt dyreliv.

Read more
Read more

Lauving

10. mar 2008 by

Lauving er eit tema frå bygda og omhandlar samhandlinga mellom menneske og natur. Biletet til høgre viser kommunevåpenet til Vik som inneheld tre lauvknivar. Lauvkniven eller snidelen er ein reidskap til å henta lauv som for til husdyra. Det vil vera naturleg at bygdeskular i område med rike lauvingstradisjonar tek opp dette i undervisninga. Alle bileta forutan kommunevåpenet til Vik, er frå Leikanger.

Read more
Read more

Biletet viser vasshjulet slik det vart funne i nærområdet til Leikanger barneskule. Vasshjulet dreiv slipesteinen som bøndene brukte til å slipa bruksutstyr som ljå og øks. Vatnet vart teke frå Henjaelvi og leia inn i ei grov som dreiv vasshjulet og slipesteinen. Området ved Henjaelvi vart i daglegtale omtala som Slipesteinane.

Read more