Storskarv
©
Storskarv

Storskarv (Phalacrocorax carbo) Cormorant
Ein del storskarv held seg inne i fjordane frå hausten av og utover våren. Dei hekkar ikkje her. Både i Selvågane og på Lote er det mange storskarvar å sjå gjennom heile vinteren.Det er og litt rart at ein kan treffe storskarv på Filefjell 1000 moh
Ungfuglen har kvitt bryst.
Storskarv
Både ho og han kan bli 90 cm store. Storskarven er ein svart havfugl. Han kan lett bli forveksla med toppskarv, men storskarven er større og har kvitaktig hake og kinnparti. Storskarven har og kvit lårflekk hos vaksne og manglar fjørtopp. Storskarven er ein selskapeleg fugl. Han sit oppreist med
S-forma hals og ofte halvt utbreidde venger på holmar og skjær. Han ligg lågt i vassflata. Halsen strekkjer han ut og han bevegar seg ormeliknande. Røysta hans er eit grovt karrk eller r-rah.


Hekking
Storskarven er ein kystfugl. Dersom du ser han i innlandet er det nok berre ein streiffugl. Du finn han mest frå Lofoten og nordover, meir sprett sørover til
Trøndelag. Han hekkar i koloniar på vegetasjonslause holmar og skjær. Sit ofte heilt ut mot det opne havet. I nord kan du og sjå han hekke i fjellveggar.
Dei fleste som blir i Noreg om vinteren held til på Vestlandet.
Mange storskarvane trekkjer sørover i september-oktober. Ein del trekkjer og lenger. Mange trekkjer til svenske og danske farvatn, og nokre trekkjer heilt til Middelhavet. Han reiser ofte over land, for eksempel frå Trøndelag og over Austlandet til Oslofjorden, og derfor kan du av og til sjå han på ferskvatn i trekktidene. I mars-april set storskarven retning heimover. I Aust-Finnmark startar hekkinga veldig tidleg. Der startar den medan det ennå er full vinter.
Reiret lagar han av tang, strå og liknande. Hoa legg 4-5 egg i mars-mai.
Egga er grønkvite og ganske store. Både hannen og hoa ruger på egga. Rugetida er på 28-31 dagar. Etter at ungane er klekt, er dei i reiret i omlag 50 dagar.


Mat
Skarven et for det meste fisk. Han er ein veldig flink dykkar og han fiskar på område med grunt vatn, der han et mykje botnfisk som torsk, flyndrer og ulker.



Navngivelse-Ikkekommersiell
Artikkelen er lisensiert med Creative Commons. Klikk på ikonet for meir informasjon.

Forfattar: Matias Urke Myklebust 8c 2006
Gloppen
Publisert: 09.03.2004
Oppdag naturarven/Dyreliv

Share/Bookmark
Kommentar til artikkel:
 
Avsendar:
 
E-post adresse til avsendar:
   
NB! Kommentaren blir automatisk publisert.

Storskarv, og svartbaken er med.
©
Storskarv, og svartbaken er med.

Storskarv på Kobbeskjeret i Selvågane på Sandane
©
Storskarv på Kobbeskjeret i Selvågane på Sandane

Storskarv
©
Storskarv

Svartbaken er trufast følgesvein i storskarvflokken.
©
Svartbaken er trufast følgesvein i storskarvflokken.

Det er som regel ein svartbak med i skarveflokken.

Navngivelse-Ikkekommersiell
Det er som regel ein svartbak med i skarveflokken.

Storskarv
©
Storskarv

Burde ta seg ein tur til øyenlegen
©
Burde ta seg ein tur til øyenlegen

Storskarv
©
Storskarv

Storskarv med Sandane i bakgrunnen
©
Storskarv med Sandane i bakgrunnen