Gulspurv hann
©
Gulspurv hann

Gulspurv (Grønskul, Gulskur) Latin:Emberiza citrinella

Dei fleste kjenner gulspurven frå julekortmotiv der han er fast gjest i kornbanda. Han er lettast å sjå om vinteren der fleire opererer ilag. Lyttar ein til songen, vil ein kunne kjenne igjen tala frå ein til sju.
Gulspurv
Gulsporven kan bli opp til 17 cm lang og veg ca 30 gram.
Han er sitrongul på hovudet og brystet og overgumpen er rustraud. Over brystet er det eit brunraudt band. Vengene til gulsporven er raudbrune med svarte flekkar. Dei ytre stjertfjøra er kvite. Det kan du sjå når han flyg. Gulsporven har ein ganske lang stjert. Han er mykje mindre gul hos hoa enn hos hannen og hannen har ein isse og underside som er mykje meir stripete.
Nebbet er ganske kort og blir brukt til å fjerne frøskall og knuse bær.
Lokke tonen til gulsporven er tørr, klanglaus, sitt eller dsitt, eit djupare tjørr til slutt.
Gulsporven har den karakterriske ein, to ,tre, fire, fem, seks ,sjuuuuu sangen.

Hekking
Gulsporven finn du stort sett i heile landet bortsett frå nordlege delar av Nord-Noreg. Han likar seg best på dyrka mark, hogstflater og andre opne område. Du kan finne han til litt over barskoggrensa.
På 50-60 talet forsvann nesten gulsporven frå Noreg fordi vi behandla kornet med kvikksølv. Svært mange fuglar døydde, men i dag er det forbod mot bruk av kvikksølv.
Gulsporven overvintrar for det meste i Noreg, men nokre reiser til Danmark eller litt lenger sør. Gulsporven dannar store flokkar om vinteren og er saman med andre fuglar.
Hekketida startar i mai i Sør-Noreg og ikkje før enn i juni i Nord-Noreg.
Hoa byggjer reiret åleine på bakken, godt skjult og som oftast i tett vegetasjon. Reiret er bygd av gras og mose og er fora med hår og gras. Gulsporven legg 3-5 egg. I Sør-Noreg har gulsporven to kull. Fargen på egga er varierande. Egga er gråkvite, kan vere svakt raude, med brune og svarte flekker og snirklar. Det er hoa som ruger medan hannen står for maten. Rugetida er på 12-14 dagar. Etter det hjelper begge med å skaffe mat. Ungane er i reiret i 2 veker.

Mat
Gulsporven finn mat på bakken. Menyen er frø, bær og insekt. Etter skuronna samlast den i store flokkar på jorda og et korna som er igjen. Dei et småstein for å knuse maten i magen.
Ungane et insekt som foreldra gulpar opp. Gulsporven er ofte på fuglebrettet om vinteren.




Navngivelse-Ikkekommersiell
Artikkelen er lisensiert med Creative Commons. Klikk på ikonet for meir informasjon.

Forfattar: Matias Urke Myklebust 8c 2006
Gloppen
Publisert: 12.02.2004
Oppdag naturarven/Dyreliv

Share/Bookmark
Kommentar til artikkel:
 
Avsendar:
 
E-post adresse til avsendar:
   
NB! Kommentaren blir automatisk publisert.

Gulspurv hann
©
Gulspurv hann



Navngivelse-Ikkekommersiell
Gulspurv Sang.

Gulspurv hann
©
Gulspurv hann

Gulspurv hann
©
Gulspurv hann

Gulspurv ho.
©
Gulspurv ho.

Gulspurv hann
©
Gulspurv hann