Elevbedrift ved Gloppen ungdomsskule
Typisk hekkeplass for smålom. Han har hekka i dette vatnet i mange år.

Navngivelse-Ikkekommersiell
Typisk hekkeplass for smålom. Han har hekka i dette vatnet i mange år.

Smålom (Gavia stellata) Red-throated diver

Smålom hekkar i nokre av småvatna i Nordfjord. Alt han treng er ei flytetorv å legge reiret sitt på. Du finn han i det meste av landet. Storleiken på lomen er rundt 60 cm. Han fiskar sjelden i det vatnet han hekkar i.

Fisketur til Åsebøvatnet og studie av fuglelivet der.


Klassa mi hadde planlagt ein tur til Åsebøvatnet. Vi skulle fiske og studere fuglelivet i området. Fyrst prøvde vi fiskelukka. Vi stod plassert rundt vatnet, med kvar vår fiskestang og fiska med spinner og makk. Vi fekk lite fisk og dei vi fekk, grilla vi på bålet. Etter ei stund vart mange av elevane leie, og fleire hadde tenkt seg ned att til støylen for å slappe av litt. Nokre av oss ville bli att og sjå om det verkeleg var sant at det var eit rikt fugleliv her ved Åsebøvatnet. Vi hadde lagt merke til ein smålom, som hadde symt rundt omkring på vatnet. No var vi spente på om det var noko meir enn berre ein fugl. Vi tok båten og rodde utover. Medan ein rodde, sat den andre klar med fotoapparatet. Det var mange torver som flaut på vatnet, så vi måtte prøve å finne den rette torva der reiret var. Etter ei stund, var vi heldige og fann reiret godt gøymt i sivet på ei flytetorv


Smålom


Lomane er store symjefuglar med langstrakt kropp og langt, spist nebb. Dei ligg djupare i vatnet enn symjefuglar flest (omtrent som skarvar, toppskarv og storskarv). Både hannen og hoa er heilt like i utsjånad, og det er difor nesten heilt umogleg å sjå skilnaden på dei. Sommardrakta til Smålomen er lett å kjenne igjen på den einsfarga brune ryggen og den raudbrune strupeflekken. I vinterdrakta virkar fuglen lysare med fin kvitflekka rygg og lyst ansikt. Hjå ein symjande smålom peikar nebbet som oftast svakt oppover- det er eit godt kjenneteikn.


Biotop Han held til ved småpyttar og små tjern, og gjerne på fjellet med fiskevatn der han plasserar reiret sitt trygt utpå ei torv. Smålomen går berre på land i hekketida. Han lever mellom anna av fisken han fangar i vatnet. Han kan vere ein stor forbrukar når det gjeld å fange fisk. Kan symje opp til 100-200 m under vatn.


Hekking Smålomen legg 1-3 egg, av same farge som storlomen, men litt mindre. Han legg dei i mai-juni og vert ruga av begge foreldra i 4 veker. Smålomen reiser bort frå hekkeplassen i løpet av hausten og overvintrar for det meste langs vår eigen kyst. Han kjem attende i april-mai. Få av smålomane er ringmerkt  her i landet



Navngivelse-Ikkekommersiell
Artikkelen er lisensiert med Creative Commons. Klikk på ikonet for meir informasjon.

Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU
Forfattar: Bjørnar Kaale 10a 2005
Gloppen
Publisert: 28.01.2004
Oppdag naturarven/Dyreliv

Share/Bookmark
Kommentar til artikkel:
 
Avsendar:
 
E-post adresse til avsendar:
   
NB! Kommentaren blir automatisk publisert.

Smålom
©
Smålom

Smålomen rugar

Navngivelse-Ikkekommersiell
Smålomen rugar

Smålompar ein vårkveld
©
Smålompar ein vårkveld

Smålom

Navngivelse-Ikkekommersiell
Smålom

Smålomen legg som regel to egg.

Navngivelse-Ikkekommersiell
Smålomen legg som regel to egg.

Smålom med to ungar
©
Smålom med to ungar

Smålomen på ei flytetorv. Han ligg på reir.

Navngivelse-Ikkekommersiell
Smålomen på ei flytetorv. Han ligg på reir.