Sidemeny+

Haldis sin fyrste skuledag (1938)

Posted on 20. mai 2016 by in Immateriell kulturarv, Skulehistorie

Bilete av gardstun
Foto: Synnøve Herstadcba

Litle Høydal

Den fyrste skuledagen min kjem eg aldri til å gløyme. Året var 1938, så det er lenge sidan no.

Plassering i kart

Då eg var lita budde eg i Ausevik, men for å kome til skulen måtte vi gå til Litle Høydal. Der var det skule i eit privathus dei kalla ”Bygningen” og der budde læraren og familien hans også. Læraren vår heitte Peder Hødal og kona hans heitte Aslaug.

Då eg kom til skulen for aller fyrste gong var eg frykteleg flau. Inne i skulestova torde eg nesten ikkje løfte blikket for å sjå på dei andre eingong, og eg hadde ein dundrande hovudverk. Eg kjende at eg vart kvalm og skunda meg ut av klasserommet. Eg kom meg så vidt ut på trappa der eg kasta opp noko kolossalt. Heldigvis kom Aslaug med ei vassbøtte og spylte heile trappa. Så spent var eg altså på å begynne på skulen at eg rett og slett vart sjuk av det.

Seinare gjekk det betre på skulen. Kvar vår fekk vi gå til Store Høydal om laurdagane for å lære å sy og alt slags anna handarbeid. Av skulefaga likte eg songtimane spesielt godt, og ein gong hugsar eg vi skulle synge ”Dei gamle fjell i syningom” av Ivar Aasen. Eine verset i songen startar med ”Det er så mange hendingar i bygda kome til”, men ein av dei store gutane på skulen hadde sin eigen versjon av songen. Han song ”Det er så mange hedningar i bygda kome til” medan han skjegla til høgre og venstre for å sjå om det var nokon som lo.

Les meir om skuleprosjektet «skulehistorier med snert i» på Steinhovden skule og barnehage sin blogg.

CC BY-SA 4.0 Haldis sin fyrste skuledag (1938) av Steinhovden skule - smaskulen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Kjelder: Informant: Haldis Terøy

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *