Sidemeny+

Eitorn skule

Posted on 18. mai 2016 by in Immateriell kulturarv, Skular og barnehagar

2016-05-03 18.18.54

På Eitorn skule gjekk borna frå Eitorngrenda og Hella på skule. Det gamle skulehuset vart sett opp ca 1880 og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.

Plassering i kart

Skulehuset fungerte som skule, forsamlingshus, bedehus og ungdomshus i grenda frå det vart sett opp i 1880 og fram til 1956. I 1956 kom vegen til Leikanger, og skulen vart lagt ned.

Skulen i Eitorn var for det meste udelt, og elevane gjekk på skule kvar dag, også laurdag, i to veker og hadde fri i tre veker. Læraren underviste både i Eitorn og i Ytre Fjærland (Jorddal).

Skulehuset hadde ei skulestove med kateter for læraren og pultar der sat to og to saman. I skulestova var det ei veggtavle med krit, nokre kart og ein stor “plakat” som synte rommål og litermål. På eine kortveggen stod det ein vedomn som om vinteren varma opp skulestova. Når me skulle eta varma den også opp mjølkeflaskene våre. Ein tidlegare elev minnast at einskilde av flaskene ikkje tolde varmen og sprakk slik at mjølki rann nedetter omnen og utover golvet.

Ved sida av skulestova var der eit kammers med to skåp der læraren oppbevarte bøker og eit apparat som viste jorda og månen sin plass i verdsromet der sola var ein gul skjerm som vart opplyst av eit stearinlys. Den gongen var dette toppen av teknologi. I yttergangen kunne borna henge frå seg yttertøy på kvar sin spikar som var slege inn i veggen.

Uthuset romma både vedhus og ein utedo som var delt i tre med læraren sitt i midten med lås, jentedo på den eine sida og gutedo på den andre. Desse hadde berre krok på døra ute og inne.

Det var ikkje lærarbustad i skulehuset så læraren måtte bu hjå private.

Leikeplassen var nærmast ei blautmyr, men fekk ei oppgradering på 1930-talet. På same tid vart det laga til ein skulehage der det vart planta m.a. plometre som elevane stelte med.

Ungane leika ulike leikar som var populære på den tida: gøymeleiken, sprette pinn, slå kjeil, slå monk, hoppe paradis, hoppe tog og kaste på stikka.

Eitorn høyrde til Balestrand kommune frå 1849, men vart flytt til Leikanger kommune i 1963.

Bilete av gult skulehus og raudt uthus
Skulehuset i EitornSigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommunecba

Det gamle skulehuset i Eitorn

 

Les meir på Wikipedia: Eitorn(sida vert opna i et eige vindauge)

CC BY-SA 4.0 Eitorn skule av Sigrun Espe er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sigrun Espe
Kjelder: - Ola Vestrheim (1996) Historisk tilbakeblikk på grenda Eitorn - skrive som minneoppgåve for eldre i 1996. (http://eitorn.origo.no/-/bulletin/show/263855_historisk-tilbakeblikk-paa-grenda-eitorn-skrive-som-minneo) - Kulturhistorisk løype i Leikanger - Eitorn, ut.no (http://www.ut.no/tur/2.16904/)
Kommune: Leikanger kommune

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *