Sidemeny+

Raudstrupesongar (Sylvia cantillans)

Posted on 29. mai 2014 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Ein sjeldan gong viser raudstrupesongaren seg når han syng

Raudstrupesongar er ein svært sky fugl som gøymer seg i tett vegetasjon når han syng. Hekkar i varierte biotopar, ofte i busker i tørre skråningar. Reir i tett busk

Utbreiing.
Hekkar i store delar av Sør-Europa og Nord-Afrika. Trekkfugl som overvintrar i tropisk Afrika. Observert fleire gonger her i landet.

Utsjånad.
Raudstrupesongaren er om lag like stor som tornsongaren (12-13 cm), som er vanleg hekkefugl i Norge. Kroppsforma er og lik på desse to songarane, men raudstrupesongaren er meir fargerik. Hannen er raud i brystet og rundt augene. Hofuglen er lys i bringa og kroppsforma er rundare enn hos hannfuglen.

CC BY-NC 4.0 Raudstrupesongar (Sylvia cantillans) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2014

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *