Sidemeny+

Albinofugl

Posted on 10. des 2013 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Albinofuglen på Vereide

Siste veka i november 2013 dukka det opp ein spesiell fugl på foringsplassen til Bård Vereide. Det var tydeleg at dette var ein albino-fugl, for han var nesten heilt kvit.

Oppførsel.
Fuglen held seg på ein måte ilag med ein flokk gråspurv, men helst i utkanten av flokken og han var meir på vakt enn dei andre. Til slutt fekk eg nokre bilde som skulle vere greie å bestemme fuglen utifrå. På den godt oppdaterte fuglesida artsobservasjoner.no/fugler vart dette ei nøtt å finne ut av for dei mange dyktige ornitologane. Sjølv om det etter 5 dagar har vore over 1600 besøk på fuglesida for å gje fuglen namn, er dei fleste usikre på kva fugl det er.

Han er ikkje heilt kvit.
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Han er ikkje heilt kvit.

Vanskeleg å bestemme arten.
Dette viser at fargedrakta har utruleg mykje å seie får å kunne bestemme kva type fugl ein ser. Kroppsform, nebb, holdning og atferd er ikkje nok. Då denne fuglen hadde ikledd seg kvitt, vart det vanskeleg å tenkje seg kva fargar artsfrendane hans har. Her er nokre av forslaga frå fuglesida: gråspurv, bokfink, bjørkfink, stillits, gulspurv.
Sikraste måten å artsbestemme ein fugl på, er nok lyden: helst sangen. Problemet på denne årstida er at fuglane ikkje syng i det heile (berre gjerdesmetten). Du kan høyre varseltonen når det er fare på ferde, men den er ganske lik for kvar gruppe. Finkane har sin varsellyd, sangarane sin osv.
Eit av forslaga på nettet var «Rømt kanarifugl». Saknar nokon i Gloppen ein kanarifugl, får de ta kontakt med Bård Vereide og sjå etter fuglen på foringsplassen.

Nrk har laga ein artikkel om fuglen: http://www.nrk.no/sognogfjordane/denne-krabaten-er-eit-mysterium-1.11400626″

http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/Image.aspx?rappsyst=1&obsID=12643079&imageID=377654

CC BY-NC 4.0 Albinofugl av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 10.12.2013