Sidemeny+

Korallrot (Corallorhiza trifida)

Posted on 27. jun 2012 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Korallrot

Korallrot veks mange stader i Norge, men dette er likevel ein orkidé det kan vere vanskeleg å få auge på. Namnet har han fått frå si koralliknande rot.

Korallrot
Korallrot er ein orkidé som gjer lite av seg. Han vert om lag 15 cm høg, men er utan blad, brunaktig farge og små blomstrar. Planten manglar klorofyll og må livnære seg på andre plantar.
Studerer ein planten nøye, ser ein at blomsten er ganske spektakulær. Ei kvit underleppe med raude prikkar er omkransa av gule kronblad. Korallrot har om lag 10 blomsrar i aks på kvar stengel. Korallrot har fleire nære slektningar i tropiske strok. Dette forklarar kanskje at planten har såpass eksotisk utforming.
Blomstringstid er juni, juli.
I Norge veks korallrot stort sett i skog eller på beitemark der det er fuktig (myraktig). Ikkje kalkkrevjande. Orkideen er ein vanleg plante i heile Norge, men det er vanskeleg å oppdage han.  Korallrot har nesten ikkje klorofyll. Såleis er denne planten på same måte som huldreblomst (Epipogium aphyllum) og fuglereir (Neottia nidus-avis) avhengig av ein sopp som leve i symbiose med han, for å få næring. Han er derimot litt meir eutotrof. Når frukta blir mogen, vert planten litt grønare og det vert mogeleg å drive litt fotosyntese. Andre arter i same familie: breiflangre, flekkmarihand, fuglereir, grønkurle, kvit skogfrue, knerot, marisko, myrflangre, nattfiol, stortveblad, søstermarihand, og vårmarihand.                             
 

 
 

 

CC BY-NC 4.0 Korallrot (Corallorhiza trifida) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2012
Kjelder: Kasviatlas 2008, University of Helsinki og Wikipedia

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *