Sidemeny+

Bieter (Merops apiaster)

Posted on 12. mai 2012 by in Dyreliv, Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Bietar

Bieter  er ein fargerik råkefugl. Fuglen lever i  Sør-Europa aust til Lilleasia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara. Av og til, i varme og tørre sommarmånader, trekkjer nokre individ lenger nord; det er mellom anna rapportert hekkinger frå Sverige og Danmark.

Kjenneteikn

Bieteren er på størrelse med ei trast, om lag 28 cm, og veg 45 til 60 gram. Den er slank og har fine fargar. Oversida er gul og raud, strupen er gul og undersida er turkisfarga. Nebbet er langt og smalt, og bøyer seg svakt nedover. Stjerten er også lang, særleg den midterste stjertfjøra.

Levesett
Namnet har bieteren fått fordi han for det meste et bier, humler og kveps. Han sit som regel på ei grein, ei telefonlinje eller liknande og speidar etter bytte, ved å snu hovudet i ulike retningar. Når han oppdagar insekta, flyg han raskt og fanger dei i flukt. Han drep byttet ved å slå det mot underlaget. Om det er eit insekt med giftbrodd, fjernar han også denne ved å gni han mot steinen eller greina han sit på. Deretter svel han insektet heilt.
I hekkesesongen må en bieter fange  225 bier om dagen for å fø seg og ungene sine.
  

Hekking
Bietere kan hekke enkeltvis, men som regel lever dei i koloniar. Disse blir som oftast lagt til bratte sand- eller jordbakker, der dei grev ut reirgangar. Holene er som regel litt over ein meter lange med eit ovalt rugekammer innerst. Hoa legger 5-7 kvite egg med to dagars mellomrom, og startar ruginga allereie etter andre egget er lagt. Ungane vert difor klekte  til ulik tid og varierer difor mykje i storleik. Den eldste ungen kan ofte vege to-tre ganger meir enn den yngste.

Mange av ungene dør på grunn av matmangel. 
Enkelte par får hjelp av såkalla hjelparar; som regel ettårige fuglar i nær slekt med paret. Ungar fra par som får hjelp, greier seg betre enn ungar som berre har foreldra som skaffar mat.

 Hogstad, Olav: «Bieter» i Norges dyr – fuglene 3 Cappelen 1990
 

CC BY-NC 4.0 Bieter (Merops apiaster) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2012
Kjelder: Wikipedia: Hogstad, Olav: «Bieter» i Norges dyr

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *