Sidemeny+

Vårerteknapp (Lathyrus vernus) Erteblomstfamilien.

Posted on 25. apr 2012 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Vårerteknapp

Lathyrus er et gamalt erte-namn, vernus tyder vår. Blomstringstid i mai-juni.

Utsjånad:
Blad utan klatretråd, med 2-4 par småblad. Blada er likefinna med 2-4 finnepar. Blada er lansettforma med bogenerva.  Klase med 4-6 blomstrar. Blir mellom 20-40 cm høg. Stengelen er ikkje greina.  Blomstane er fyrst raufiolette, men blir etter kvart grønblå. Blomstrar i mai-juni. Belgfrukt ca 5 cm lang. Planten er litt kalkkrevjande og veks nordover til Nordland.

Knollerteknapp (Lathyrus linifolius) er ei nærståande art til vårerteknapp. Sjå siste bildet.

 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 Vårerteknapp (Lathyrus vernus) Erteblomstfamilien. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2012

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *