Sidemeny+

Sexlærarar for naboskulen!

Posted on 29. mar 2012 by in Pedagogikk

Elevar som googlar etter høvelege bilete

 ”Ungdommen veit best!” ”Den lærerike seksualavisa” -Det kjem fleire forslag, og det er ikkje fritt for at tiande klasse ved Hyllestad skule flirer litt når dei serverer namneforslag til avisa si. ”Overskrifta må vere informativ!” ”-og så må den ha litt ”schwung” over seg!”…

Plassering i kart

Ekstra artig

Det er ekstra artig å vere naturfaglærar slike dagar. Samtidig som latteren sit laust, er elevane òg litt nervøse. Klassen har nett fått høyre at dei har fått napp på ein av naboskulane: Tiande klasse der vil gjerne ta ein kikk på avisa deira, og plutseleg vert det heile noko meir ”seriøst”.

Tiande har seksuallære, og dei fleste er spente på emnet. Skulen vår har som motto ”å gjere for å lære”, så korfor ikkje lære vekk det dei kan til andre?

Forskar og forfattar

Kvar for seg lagar elevane innhald til det som skal bli ei avis om seksualitet og samliv. Sidan ein annan klasse skal nytte avisa som eit verktøy i undervisninga si, passar vi på at bestemte fagord vert forklart, men elles bestemmer elevane sjølve korleis dei vil presentere stoffet.

Så langt er avisa blitt ein miks av små fagartiklar og kryssord, krydra med mellom anna vitsar, dikt og bilete. Håpet er at naboklassen kjem til å kose seg med mykje fagleg avisknask. Det er vel heller ikkje usannsynleg at dei ser ekstra nøye etter om Hyllestadelevane kan andre ting om sex enn det dei kan ;-)

…og grev etter fakta

Elevane har henta mykje av fagstoffet frå læreboka si, Trigger 10, og har elles vore flittige på nett for å finne aktuelle nyhende og fagstoff der. Lenkene som er lagt ved er døme på sider dei har funne verd å diskutere i klassen.

CC BY-NC 4.0 Sexlærarar for naboskulen! av Frøydis Folkestad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Lærar, 2012

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *