Sidemeny+

Øving gjer meister

Posted on 29. mar 2012 by in Pedagogikk

God idé å samanlikne Landsstrykaren og Mr. Bean!

Noko av det verste mange vaksne kan tenkje seg, er å stå framfor eit publikum og skulle framføre noko, om det er ein tale eller det å halde eit føredrag. Men for dagens barn og unge bør det bli annleis, i og med at dei får øve seg på å halde presentasjonar like frå tredje klasse.

Plassering i kart

PowerPoint-presentasjonar

Digitale medium har gitt nye mulegheiter med omsyn til presentasjonsform, og erfaring viser at når elevar i ungdomsskulen får velje fritt, endar dei oftast opp med å bruke PowerPoint.

Det å halde eit PowerPoint-føredrag er ei mangslungen oppgåve. Ein må kunne fagstoffet ut og inn, ein må kunne skape ein god, multimodal tekst, og ein må kunne kommunisere godt med publikum. Dessutan må ein sjølvsagt kunne handtere digitalt utstyr som prosjektør, pc, høgtalarar og minnepenn. Når ein er fleire om presentasjonen, er det også viktig at samarbeidet går knirkefritt for at resultatet skal bli bra. Med andre ord er det litt av ei utfordring!

Viktig med opplæring

PowerPoint er eit godt verktøy for å lage samansette tekstar, men altfor ofte endar elevane opp med lysbilete fulle av kulepunkt og altfor mykje skrift, og blir ståande og lese av frå lysbiletet.«Death by bullet points» er eit treffande uttrykk for korleis tilhøyrarar kan oppleve eit slikt føredrag.

Derfor må elevar også få opplæring i korleis dei kan utnytte multimodaliteten i PowerPoint. Dei må lære korleis dei skal gå fram for å setje inn bilete, videoklipp og lyd, eller korleis dei kan lage animasjonar i programmet. Ein må ikkje gå i den fella det er å tru at dette finn elevane ut av sjølve, for «ungdommen har mykje betre greie på digitale medium enn dei vaksne». Nei, erfaring tilseier at dei færraste finn ut av det på eiga hand. Det er ikkje det same å vere god på dataspel som å lære seg «nytteprogram». Derfor må dei få undervisning i det.

Kva skal vurderast?

Ein viktig føresetnad for å lukkast, er å ha klare vurderingskriterium som elevane kjenner godt på førehand. Desse kan gjerne vere utarbeidd i lag med elevane. Då veit dei kva krav som blir stilte til ein god presentasjon, og vil lettare forstå vurderinga dei får i etterkant.

I dømet til høgre har lærar saman med elevar i ein tiandeklasse komme fram til åtte ulike vurderingskriterium. I tillegg til fagleg innhald og kor godt presentasjonen er laga, kjem kriterium som går på framferd, stemmebruk og kontakt med tilhøyrarane. Deretter har ein gått inn og sett på kjenneteikn for måloppnåing. Kva må for at presentasjonen skal halde eit middels nivå? Enn høgste nivå?

Med kjenneteikna som rettesnor i tillegg til rettleiing frå lærar, kan elevane arbeide målretta for å forbetre presentasjonane sine.

Eg er trygg på at jamleg øving i å bruke ulike presentasjonsverktøy, vil gjere dagens unge både tryggare i situasjonen og meir kreative enn foreldregenerasjonen når det ein dag er deira tur til å halde føredrag i små og store forsamlingar.

CC BY-NC 4.0 Øving gjer meister av Bodil Sætevik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bodil Sætevik, 2012

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *