Sidemeny+

God morgon, demokrati

Posted on 31. mar 2012 by in Pedagogikk

Vi har laga historiebok

Korleis var dagleglivet i demokratiet si vogge, og kva snakka filosofane på agoraen om? Korleis oppstod teateret og olympiaden? Dette er berre nokre av spørsmåla elevane i 5b på Høyanger skule har jobba med i samband med prosjektet ”Hellas i antikken”. Dei 14 elevane har skrive sin første fagartikkel, noko dei synest var både spennande og lærerikt.

Plassering i kart

Arbeidet gjekk over tre veker, og dreia seg om å lese for å lære, å omsetje tankekart til fagtekst, samt å framføre resultatet munnleg. ”Det starta med at vi vart delte inn i grupper, og fekk kvar våre tema,” seier ein av elevane. ”Eg hadde om olympiaden og om teater, og dei andre har jobba med forskjellige tema, som dei greske gudane og filosofane. Eg har lært mykje om temaet mitt, og eg lærte og mykje av dei andre då dei framførte i klassen.”

Elevane har jobba prosessorientert med skrivinga. Dei har lært å søke informasjon i bøker og på internett. Informasjonen har dei gjengitt i tekst, og dei har lært å lage kjeldeliste. Dette var ein ny måte å jobbe på, og nokre vart nok freista til å skrive av frå tekstane dei las. ”Det var litt vanskeleg å jobbe slik, sidan det var første gongen, men eg har lært å lage kjeldeliste, og å skrive ein faktatekst, ”seier ein av dei ivrige elevane.

Prosjektet munna ut i ei eiga historiebok med alle fagartiklane, og ein individuell PowerPoint- presentasjon. ”Eg synest det var flott å sjå den ferdige boka, der alle tekstane våre vart samla. No føler eg at eg er ein forfattar,” seier ein av gutane. ”Og så var det kjekt med PP- presentasjon,” seier ei jente, som gledde seg til ho skulle framføre. Ho var godt nøgd med den fine responsen ho fekk.

Elevane jobba godt, og sjølv om det til tider verka noko kaotisk undervegs, greidde dei å fullføre arbeida sine på tilfredsstillande vis. Mange lærte meir om å nytte digitale hjelpemiddel. Prosjektet viser at elevane kan lære mykje ved å skrive undervegs, og at dei kan lære mykje av å framføre for andre. På spørsmålet om dei kunne tenke seg å jobbe slik fleire gonger, svarer dei unisont ”ja!”; ei fleirtalsavgjersle i ekte demokratisk ånd.

CC BY-NC 4.0 God morgon, demokrati av Linda Råheim Brede er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Linda Råheim Brede, 2012
Kommune: Høyanger

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *