Sidemeny+

Bli med på oppdagingar!

Posted on 27. mar 2012 by in Pedagogikk

 

6. klasse på Hyllestad skule har lese om mange oppdagingar. Kva er fakta og kva er oppdikta i desse forteljingane? Kvifor er det i så fall oppdikta?

Plassering i kart

I leseboka, Zeppelin 6, har vi i nokre veker lese om mange oppdagingar. Vi har høyrt om reisa til månen, Christoffer Columbus, Nansen si ferd mot Nordpolen med skuta Fram, Ismannen og Tuthanhammons løyndommar. Vi lånte også bøker om emnet på biblioteket. Målet vårt var å finne ut kva som var sant i desse og andre forteljingar, og bruke det som utgangspunkt for å lage eigne teksthefte om oppdagingar.
Først måtte vi finne ut korleis vi skulle definere oppdagingar. Elevane kom fram til at det var å finne eller oppdage noko, helst som dei første. For å finne fakta i historiene var det viktig å ha bevis i ei eller anna form, som bilete, gjenstandar eller levande bilete. For å atterskape ei heil oppleving av ei oppdaging er det ofte nødvendig å legge til noko vi trur kan ha skjedd, eller korleis dei såg ut. Ofte er det hendingar som ligg langt tilbake i tid.
Resultatet av arbeidet til 6. klasse vart mellom anna plakat, og elevhefte med eigne faktatekstar og oppdikta forteljingar om oppdagingar. Oppdagingar er spanande, og difor er det mange som likar å skrive om det, enten med utgangspunkt i fakta, eller som rein fiksjon.

CC BY-NC 4.0 Bli med på oppdagingar! av Hauken er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Hauken, 2012
Klassetrinn: 6.klasse

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *