Sidemeny+

Sædgås (Anser fabalis)

Posted on 17. nov 2011 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Sædgås

Sædgåsa hekkar i våre dagar nesten berre i Finnmark. Fuglen har ein usikker bevaringsstatus som hekkefugl i Norge, og kunnskapsnivået om bestanden og trekkforholda er få. Uansett, så viste fuglen seg i Gloppen no midt i november 2011.
 

Namnet sædgås kjem av at når bonden sår, brukar sædgåsa å trekke nordover og et av såkornet.
Kåre Hauge vart var ein fugl han ikkje hadde sett før. Han såg det var ei gås, men ikkje av den heilt vanlege sorten. Det vart teke bilde av fuglen, og fyrsteintrykket var kortnebbgås (svært lik sædgås) som har vore innom Gloppen eit par gonger før. Etter at bildet vart lagt på nettet har det kome kommentarar på at dette er ei sædgås. Her operer ein med underarter, og dette skal vere underarta rossicus (N/V Sibir).  Dei trekker til Mellom- og Sør-Europa for overvintring. Kanskje fyrstegongs – observasjon her i kommunen? Det er i alle fall fyrste gong ein sædgåsobservasjon  frå fylket er lagt inn på artsobservasjoner.no
 

Dei siste tiåra har sædgåsbestanden gått kraftig tilbake. Det er sett i gang prosjekt for å finne meir ut om trekkrutene til desse fuglane. Mange er ringmerkte. Nokre få fuglar har også fått påmontert satellittradiosendarar. Observerer du sædgås med svart eller gul halsring kan du rapportere dette til ringmerking.no
 

CC BY-NC 4.0 Sædgås (Anser fabalis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2011

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *