Sidemeny+

Fjelljo (Stercorarius longicaudus)

Posted on 27. nov 2011 by in Landskap

Foto: Mia Aagårdcbn

Ung fjelljo

Slank fugl (L 35-41 cm) og litt mindre enn ei hettemåke. Har lange, og smale vinge som gjer at han ser større ut enn han er. Hekkar i nordleg Europa på snaufjell og tundra. Vedlagde bilde viser ein død fjelljo (ungfugl) funnen av Mia Aagård på Grotli.
 

Utsjånad
Fjelljoen er forholdsvis lys, men nokre har mørkare fjørdrakt. Det er og særmerkt for fuglen, at han har to lange halefjører (15-20 cm lenger enn stjerten) Fjørdrakta til ungfuglane er grå. Dei vaksne fuglane har mørk hette på hovudet. Hann og ho er like.
Hekking
Fjelljoen hekkar i fjellet, men er store deler av året å finne langt til havs. Nokre få hekkar på Svalbard og. Er det dårleg med smågnagarar står han over hekking. Fuglen legg til vanleg to grønbrune egg med nokre mørke flekkar og begge foreldra rugar. Foreldra tek godt vare på ungane til dei ved 6 vekers alder greier seg sjølve. Kjem nokon nær reiret, går fjelljoen til kraftig angrep for å verne om ungane.
Føde.
I hekketida et fuglen lemen og andre smågnagarar. Utanom hekkesesongen lever han derimot av fisk og anna han finn i havet. Han tek også ofte mat frå andre fuglar (kleptoparasitt), ja, til og med fugleungar kan han ha på menylista.
Trekkfugl.
Tidleg om hausten trekker fjelljoen frå hekkeplassane og overvintrar langt ute i Atlanterhavet.

 

CC BY-NC 4.0 Fjelljo (Stercorarius longicaudus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2011

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *