Sidemeny+

Ringmerking av smålom i Gloppen

Posted on 24. jul 2011 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Her blir ringen sett på foten til smålomen

Søndag 20. juli 2011 fekk Gloppen besøk av to rutinerte ornitologar frå Hareid.
Kjell Soot Mork har ringmerkt fugl sidan 1965. Gjennom mange år har han sett ring på fleire tusen fugl, mellom anna på Fokstumyra, Svalbard og mange andre stadar utanom heimkommunen sin. Kalle var som vanleg med og Solveig var ein stødig sjåfør.

 

Treff etter 40 år
Utifrå fugleobservasjonar som eg hadde lagt inn på www.fugler.net, vart eg kontakta av Kjell Soot Mork, som gjerne ville kome hit for å ringmerke smålom. Det viste seg faktisk at vi hadde vore i kontakt med kvarandre for ca 40 år sidan. Dette hadde nesten gått i gløymeboka. I 1971 var vi begge studentar i Volda. Eg hugsa at eg fann eit vendehalsreir der, det året. Eg tipsa ein ornitolog som merkte ungane. Då Kjell slo opp i notatboka si, hadde han merkt 9 vendehalsungar 17. juni 1971. Førti år seinare møttest vi att i Gloppen for å ringmerke smålom. Ornitologane har ein fantastisk orden i notatane sine, og dei gjer eit svært viktig feltarbeid.

Vatn nummer ein.
Torsdag 20. juli møtte eg dei tre frå Møre på Utvikfjellet klokka 08.00. Dei hadde køyrt frå Hellesylt. Som kjentmann, visste eg det var hekkande smålom i eit vatn i området. Etter ei vandring på ca 45 minutt i tett skodde, var vi framme ved vatnet. Egga var klekte, men vi kunne ikkje sjå liv på vatnet. Konklusjonen var då at ungane hadde bukka under i det dårlege veret i sommar. Vind, låg temperatur og sterk nedbør i 700 meters høgd hadde nok teke knekken på dei to dunnysta.
For oss hadde dagen starta dårleg.

Andre vatnet.
Fyrste vatnet vi skulle sjå til i Sandane – området ligg ca 300 m lågare enn det på Utvikfjellet. Her var det full klaff. To ungar og ein vaksen på vatnet. Då dei nærma seg garnet, dukka ungane. Den vaksne brukte den andre fluktmogelegheiten; han tok til vingane. Ungane fekk ring nr. 00024 og 00025 på føtene før dei i fin form fekk kontakt med det våte elementet att.

Tredje vatnet.
På tur til det tredje vatnet, også det ligg på ca 400 moh, gjekk vi litt feil. Omvegen førte oss til ein raudstjetfamilie som vi fekk nokre bilde av. Ofte vert opplevingane større om ein går utanom stien, sjølv om vi i dag hadde litt knapp tid. I dette vatnet fekk vi ein del problem. Båten vi hadde lånt, mangla eine keipa. Vi måtte improvisere, men vi kom oss på vatnet. To ungar i garnet, og den vaksne letta og berga seg frå ein ufrivillig dukkert. Dei to vaksne som flaug over garnet, var kanskje dei vi ringmerkte i fjor?

Fjerde vatnet.
Sjølv om det leid langt på dag tok vi ut kurs til det siste vatnet for dagen. Her og fekk vi problem med det tekniske. Eine åra gjekk opp i liminga og årebladet datt av. Det gjekk omsider to ungar i garnet. Dei vaksne var ikkje å sjå. Dei lever nok opp til teorien om at lomen ikkje fiskar i det vatnet dei hekkar.

Kjerneområde.
Ornitologane kan fortelje at Gloppen er eit kjerneområde for lom. Det er sjeldan ein finn så mange hekkeplassar på eit forholdsvis lite område. Vi veit om ein hekkeplass for storlom og, men vatnet er for stort til å fange han. Reknar med det er fleire hekkande storlom i meir eigna vatn i området.

Sporing.
Ingen gjennfunn av lom, kjem nok av at det er ringmerkt svært få av desse fuglane. Det er og snakk om sporing av lom som vert ringmerkt, men det kostar 30000 kr. Kven veit. Kanskje kjem den fyrste radiomerkte lomen frå Gloppen?
Etter at 4 personar hadde jobba i 12 timar var oppdraget utført og 6 smålom – ungar hadde ring på føtene.

 

CC BY-NC 4.0 Ringmerking av smålom i Gloppen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2011

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *