Sidemeny+

Dvergterne (Sternula albifrons)

Posted on 29. mar 2011 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Dvergterna speidar etter fisk

Går vi 10-15 år tilbake i tid, var det mange makrellterner som hekka i Gloppen. No er dei borte. Kanskje kan dvergterna dukke opp ein dag?

Dvergterna er ein trekkfugl i ternefamilien. Det latinske namnet er Sternula albifrons. Den held til ved sjøen, på fredelege strender og aude skjer. Dvergterne lever for det meste av fisk og insekt. Den fangar fisken ved å stupe etter den.

 

Hekking:

Dvergterna legg to til fire egg, og vernar desse samt dei yngre individa svært godt.
Den hekkar i koloniar i grusen på bakken. Den angrip om du kjem for nær egga. I byrjinga på 1900-talet var terna vanleg i europeiske elvar og i strandsona generelt. Etter som desse områda vart meir og meir populære bustaområde for menneska forsvinn fuglen litt etter litt.

Utsjånad:
Dvergterna er ein liten fugl. Den vert 21 til 25 centimeter lang, og har eit vingespenn på 41 til 47 centimeter. Ternene har ofte kvit eller grå kropp med svart hette på hovudet. Dvergterna er ikkje vanskeleg å skille ut frå andre terner. Den er mindre, og den har ein kvit flekk i panna. Den har også eit langt gult nebb med ein svart flekk ytterst. Dvergterne har gule føter. På hovudet har den nokre lange fjør. Vingane er grå og kroppen er kvit. Om vinteren kan dvergterna skifte farge på nebbet og på føtene.

Leveområde:
Dvergterna har vore observert hekkande i Noreg, men ein reknar ikkje med at den held til så langt nord. Den hekkar eigentleg ved kysten og elvar i innlandet i tropiske og tempererte delar av Europa.
Organisasjonen AEWA ( Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds )hjelper mellom anna til med å oppretthalde bestanden av dvergterner.

CC BY-NC 4.0 Dvergterne (Sternula albifrons) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håvard Hovstad 9. kl 2011

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *