Sidemeny+

Ospesommarfugl (Limenitis populi)

Posted on 25. jan 2011 by in Dyreliv, Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Ospesommarfuglen viser si mørke overside

 

Ospesommarfuglen er utbreidd i Nord- og Mellom-Europa, og er vanlegast i dei austlege delane. Sommarfuglen er også utbreidd i Asia så aust som Japan. I Noreg er den ikkje spesielt vanleg, men nokre år kan den likevel opptre i store mengder.

Ospesommarfugl

Ospesommarfuglen er ein av Noregs største dagsommarfuglar og kan bli frå 70 til 90 mm i vengespenn. Kroppen er robust og kraftig med ganske lange og smale framvenger. Sommarfuglen har mørk overside med kvite, oransje og svarte felt. Hoa, som er størst, har større kvite felt enn hannen. Undersida av vengene har ein oransje farge med kvite, blågrå og svarte flekkar og teikningar.

Kan fly 1500 m.o.h.
Ospesommarfuglen er utbreidd i Nord- og Mellom-Europa, og er vanlegast i dei austlege delane. Sommarfuglen er også utbreidd i Asia så aust som Japan. I Noreg er den ikkje spesielt vanleg, men nokre år kan den likevel opptre i store antall. I Alpane kan den flyge så høgt som 1500 m.o.h. Sommarfuglen likar seg godt høgt oppe i tretoppane, gjerne på opne plassar der det er osp. Faktisk så kjem den berre ned til bakken når den skal ha vatn og næring. Den likar godt å ete og drikke av søylepyttar, våt jord, ekskrement og nokre gonger sveitte frå mennesker.

Lever berre på osp
Når hannen ventar på forbipasserande hoer, sit han på greiner med utbreidde venger. Dersom han skulle få konkurrentar blir dei fort jaga vekk eller angripne.
Hoa legg egga på oppsida av bladet, heilt på spissen. Egget har ein matt grønfarge og er forma som ei flattrykt kule. Larven er brun som ung, men det meste av tida er den grøn, med lyse band og svarte teikningar på begge sider. Den har to rekker av ryggtorner, der det første paret er lengst. På det andre, tredje og siste leddet har den kjegleforma utvekstar kledd med korte og tjukke børstar. Larven byrjar med å ete frå enden av bladet og innover.
Overvintrar
Som liten larve overvintrar den i eit lite samanrulla blad aleine eller i grupper oppå ein kvist. Neste vår blir utviklinga fullført. Larven blir forpuppa på eit blad som ein hengande puppe. Puppen er gulbrun med svarte fine flekkar. Ut av det femte leddet har den ein øksebladforma utvekst på ryggen.

 

CC BY-NC 4.0 Ospesommarfugl (Limenitis populi) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Kristin Haraldsvik 10a 2011
Kjelder: Sommarfugl, elev, ikkje særleg vanleg i Norge

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *