Sidemeny+

Nyttårsball på Gloppen ungdomsskule

Posted on 28. jan 2011 by in Ymse

Foto: Svein Hjelmesetcbn

10. klasse ved Gloppen ungdomsskule

Juleball har vore ein tradisjon på Gloppen Ungdomsskule i mange år. Med unike elevar vart ballet i år utanom det vanlege – eit Nyttårsball, og ein suksess.
 

Spente og nervøse står vi bak sceneteppet og høyrer salen verte fyllt med latter, kviskring og forventningsfulle elevar. Pulsen stig meir og meir ettersom sekunda tikkar forbi. Bandet er allereie i gong med stemningsfulle «taffel»-låtar. Plutseleg vert lyset i salen dempa, all lyd forsvinn. Alt er stille. Så stille at ein kan høyre ei knappenål falle i golvet. Vi veit at om berre nokre få sekund er programmet i gong for fullt. Tilskodarane rykkjer til idet lyden frå skarptrommene skjer gjennom salen. Timane med førebuingar har vore lange, men når vi står her, og gjer oss klare til å gå ut på scena, veit vi at det har så absolutt vore verdt strevet!
Før vi geleidar dykk gjennom programmet (bildeserie), vil vi ta dykk med nokre veker tilbake for å sjå nærare på korleis ballet tok til…

 

Det heile starta med ei handsopprekking. Utvalet var det lærarane som tok. Kven skal byrje den spennande prosessen med å skrive og konstruere programmet?
Då skrivegruppa etter ein god del timar hadde sete å snakka, diskutert og skreve, avtalte dei eit møte med Jørn Moen. Han skulle hjelpe dei å sette saman, vidareføre og sensurere alt dei til då hadde av idear og planar.
Samtidig som skrivegruppa var i full gong, var det ei anna gruppe som og gjorde flott innsats på eit litt anna felt. Dette gjekk føre seg på musikkrommet, der bandet allereie var byrja å øve inn musikken og songane til programmet.

Endeleg var programmet i hamn, og den kjekkaste delen skulle for dei fleste byrje. Øvingane på scena og i klasserom. Dette gjekk ikkje heilt utan problem, for som venta vart det ein del overlappingar. Men med godt samarbeid og innsatsvilje ordna det seg til slutt.

Men øvingar på dagtid viste seg å ikkje vere nok.
Ein tysdags kveld samla alle som var med på programmet, og scenerigging seg, for å øve saman med Jørn. Det var stor motivasjon blant elevane, og humøret var på topp. Det gjekk veldig bra, og med eit stort smil om munnen, kunne vi fare heim, og glede oss til ballet.
Etter generalprøva for foreldra dagen før, var forventingane store, og ein del byrja å kjenne på presset. Ikkje berre på grunn av dei 200 tilskodarane, men også på grunn av fôrmodningane frå lærarane. Dette måtte bli bra!
«Med brunkrem tjukt opp i hattefôret,
sminka var berre heilt på jordet!
Vi har modnast og er blitt store,
no ei framtid; open og fri!»

«Vi vil takke for denne festen,
du kan glede deg stort til resten.
Dans og moro heile natta nesten,
berre kose oss i lag!»

Alle elevane i klassa syng siste linjene i avslutningssongen av full hals, og pustar letta ut når applausen kjem. Vi har klart det!
Ein slik prosess er veldig spennande, for ein får bli betre kjende med dei ein allereie har kontakt med, og opprettar òg nye bekjentskap til andre elevar. Ein får sjå nye sider av kvarandre når ein trer ut på scena. Den mest sjenerte person kan forvandle seg til den morosamaste på scena, og personar som ikkje vanlegvis pleiar å «henge» saman, kan knytte sterke band.
Vi har utvikla oss alle saman i denne prosessen, trur vi ein trygt kan seie.

 

CC BY-NC 4.0 Nyttårsball på Gloppen ungdomsskule av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Malene og Ruben 2011

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *