Sidemeny+

Bjørnejakta i Sunndalen i 1912

Posted on 22. sep 2010 by in Arbeidsliv

Foto: K. Aaningcbn

1. rekkje frå v.: Erik Guddal, Sivert Guddal, Lasse Erdal og Ivar Guddal. 2. rekkje f.v.: Andreas Berge, (Arne)Jon Erdal, Lars P. Skåre, Rasmus A. Skåre, Isak Flo, Kolbein Flo (Melsen), Ivar Sigdestad, Martin A. Aaning og Akslun Tenden. 3. rekkje f.v.: Peder A. Guddal (Riset), Lars N. Guddal (Johans), Mons R. Guddal, Jens Folven, Ferdnand Kierulf Tranaas, Nils Sundal, Rasmus Folven, Østen Grov (Øyane).

For nesten hundre år sidan blei den siste bjørnen skoten i Stryn kommune.

Plassering i kart

Bjørn tok kvige

”Det leid ut i oktober og berre to kviger gjekk att i setrehamnen i Sundalen. Det var ein mann frå Hopland som åtte kvigene, og han hadde ikkje høve til å vere med då dei andre jaga sine krøter heim i midten av september. Såleis vart desse kvigene gåande att åleine i Sognskarbakkane, framfor setra.

Ein dag då nokre budeier frå Grov var avstad for å mjølke kyrne sine, som då gjekk på haustbeite i Maurtegjerdet heimafor Alfoten, fekk dei auge på ei framand kvige som såg svært skremd og medteka ut. Dei skjøna at det var den eine av dei to kvigene som hadde gått att i setredalen. Den andre kviga var ikkje å sjå. Då folk heime i bygda fekk vite om dette, vart det straks sett i gong leiting, for det var truleg at rovdyr hadde vore på ferde. I eit dikje like frammafor sela på setra fann dei kviga. Ho låg drepa, og det var tydeleg at ein bjørn hadde gjort udåden. Etter fara å dømme hadde bjørnen jaga kvigene føre seg frå Sognskarsbakkane og heim til setra. Han nådde at den eine kviga på myra. Og med eit kraftig byks slo han framlabbane i korsryggen på henne. Korsbeinet brast av, kviga segna om, og bjørnen gjorde det av med henne.

Det var også far å sjå etter bjørnen i råsa heimanfor setra. Bjørnen sette truleg på sprang etter den andre kviga og, men han misste nok teften av henne. Kviga hadde truleg spunge gjennom skogen høgare oppe, for det var den vegen kvigene tok til setra på framturen, etter at dei vart sleppte ved Skårledet. Dette redda truleg livet hennar.

Jakta er i gong

Det ryktest fort nede i bygda at ei kvige var drepen av bjørn på Sundalssetra. Det kom bod med ”Fridtjof Nansen” til Flo at Isak og Kolbein (Melsen) måtte kome for å vere med på bjørnejakta. Men Isak var på rypejakt den dagen, og det leid langt på dag før dei kom seg avgarde. Dei overnatta i Guddal hos søstra til Kolbein.

Det var seks mann som låg over på Sundalssetra den natta. Nokre av desse hadde gått ut på myra om ettermiddagen og trakka bort alle spor etter bjørnen. Dei ville sjå om han våga seg bort til kviga om natta. Og rett nok. Det var tydelege spor som viste at bjørnen hadde vore der. Han kunne ikkje vere langt unna!

Morgonen den 12. oktober (datoen er noko usikker, andre meiner noko før) kom det 15 mann til setra for å vere med på bjørnejakta. I alt var det såleis 21 mann som skulle jage fram og skyte bjørnen. Fire mann, som var tidleg ute, hadde lagt seg i leift (på post), to i Sognskaret og to i Kamperhamrane. Det var naturleg at bjørnen ville prøve å kome seg unna på ein av desse stadane. Då skulle desse stå klar til å skyte bjørnen. 17 mann organiserte manngard. Skyttarar og jagarar delte seg då på ei linje tvers over dalen med slik avstand mellom kvar at dei hadde augekontakt med den næraste på begge sider. Bjørnen skulle ikkje kunne passere usett.

Jaget starta ved setra og skulle ende opp i Sognskaret. Det var ei spennande jakt, for alle var sikre på at bjørnen gøymde seg ein stad i nærleiken av setra. Men jaget kom heilt fram i Sognskaret utan at dei hadde sett snurten av bjørnen.

Fire mann av dei som gjekk i manngard, kom fram på eit høgdedrag ikkje langt frå leiftarane i Sognskaret. Det var Isak Flo, Kolben Flo (Melsen), Ivar Sigdestad og Lasse Erdal. Høgdedraget låg over skogavakset, og dei hadde god oversikt.

"Her kjem bjørnen"

Det var ikkje mange gøymestader for bjørn å sjå her oppe, og dei var bestemte på å slutte av bjørnejaget. Derfor tok dei fram nista og sette seg til å ete. Ein av dei ropte opp til leiftarane: ”Her er ikkje nokon bjørn!” Dermed kom leiftarane nedover for å slå seg ilag med dei andre. Det var Ivar Guddal (Jørn-Iver) og Akslun Tenden (Akslun i Nesa). ”Når vi ikkje får skyte bjørn, så får vi prøve å jage opp ei rype å skyte på”, sa ein av dei. Jørn-Iver rulla avgarde ein stein. Denne trefte ein større stein som låg laust på eit svaberg, og med eit rabalder for steinane utfor ein liten hammar. Der under hadde bjørnen gøymt seg, men no spratt han fram og la på sprang mot dei fire. Kolbein var den første som fekk auge på bamsen. ”Her kjem bjørnen” skreik han og dermed treiv dei børsene sine alle fire. Bjørnen kom i firbyks ned ein bratt bakke vel 100 meter frå jegarane, men tida var knapp, for han var i fullt sprang ned mot ei skogahole for å gøyme seg. Dei fire var samde om å skyte på likt, men Isak greidde ikkje å vente på signalet. Skotet for avgarde, men i det same reis bjørnen opp i eit byks og skotet berre snerta skinnet og musklane under brystet og vomma. Bjørnen merka godt kula, fo i skogahola vart det eit mask utan like. Han dengde laust på fjellbjørkane så det gule lauvet fauk ikring han og mose og vidjer vart kasta i lufta. Jegarane skaut så snart dei såg ein skimt av rovdyret gjennom krattskogen, og ei stund small det tett. Likevel kom bjørnen i retning mot skyttarane. Dei såg kor han beit seg i sidene for kvar kule som snerta. Ein ørliten augneblink glytte han framfor ein stein berre 25 meter frå dei. Men då var han snar å trekkje seg tilbake, elles hadde han nok fått baneskotet med det same. Noko høgare oppe og heime stod Rasmus A. Folven og Østen
Grov. Dei fekk auge på bjørnen og var med på skytinga. Leiftarane, som ikkje såg at bjørnen sprang fram under hammaren, fekk seg ein støkk då det tok til å smelle. Kulene kom farleg nær, og dei fann det klokast å leggje seg i dekning for kuledrivet.

I om lag 5 minutt var det hektisk skyting, men så stilna det av. Bjørnen låg att livlaus mellom fjellbjørkane. Jegerane gjekk bort for å sjå nærare etter, men Iver Sigdestad åtvara dei andre. ”Bjørnen kan låtast vere daud og brått vakne til liv når vi kjem attåt!” sa han. Så gjekk han sjølv fram og sette ei kule i skallen på han for å vere sikker. Det var ein noko over middels stor hanbjørn. Han vart skoten omkring klokka 12.

Dei andre i jaktlaget høyrde skotsalvene, og det tok ikkje lang tid før alle var samla ikring den livlause bamsen. Jegarar og jagarar jubla med huing og skriking over den store bragda. Bjørnen var ille tilreidd av dei mange kulene. Det vart seinare talt opp 22 treff, men mange av kulene hadde berre så vidt snerta bort i. To av føtene var mest oppmelne av blyspisskuler (eksploderande kuler). I den tette krattskogen var det vanskeleg å sikte inn gode treff.

Så stod det berre att å frakte fangsten heim. Akslun Tenden åtte ein hest, Borkjen, som var kjend for å vere særleg sterk og uthaldande. Det vart bestemt at ein av dei sprekaste skulle springe ned til Hjelle for å hente denne. Valet fall på Sivert Guddal, som då var 23 år gammal. Han skunda seg alt han var god for, og det gjekk ikkje meir enn 1 time og 50 minutt før han var nede. Men Borkjen var leigd bort til kaptein Bolstad (kaptein på ”Fritdtjof Nansen”), og Sivert måtte vente tolmodig til kapteinen var ferdig før han kunne køyre dei andre til møtes med hest og slede.

I mellomtida byttest dei andre i jaktlaget om å bere bjørnen heim over ei slags båre. Båra var laga av bjørkestokkar som var bundne saman av børsereimar. Dei møttest på Skårene, og bjørnen vart lagtd på sleden. Borkjen drog godt ei stund, men så var han ikkje lenger å rikke. Då var det ein som kom på at hesten skulle få lukte på bjørnen. Som tenkt så gjort, og bjørnelukta sette fart på Borkjen. Sidan gjekk det utan stopp heilt heim til nyevegen. Der vart det skote salutt, og mykje folk, unge som gamle, var møtt fram for å sjå udyret. Det var åt å bli mørkt, og somme hadde lykter for å sjå betre. Anders Folven (f. 1904) kan hugse at far hans løfte han opp slik at han skulle få kome til og sjå bjørnen i folketrengselen. Leif Skåre (f. 1904) minnest den vonde lukta som kom av at bjørnen var gorskoten (skoten gjennom magen).

Neste stopp var Hjelle. Då jaktlaget kom dit, stod kveldsmaten ferdig pådekka inne på hotellet. Dei kunne gå rett til bords, og ta inn eit velfortent måltid. Bjørnen vart lagd under tak til neste dag. Då vart han flådd, og dei modigaste nytta høvet til å smake ferskt bjørnekjøt. Kunstmålar Tranaas, som var med i vaktlaget fekk sendt kjøtet (69 kg) og skinnet til Bergen. Skinnet vart stoppa ut, og bjørnen står no utstilt i det tidlegare ungdomshuset på Hjelle (no Idrettshuset). Det er den siste bjørnen som er blitt skoten i Oppstryn.
 

CC BY-NC 4.0 Bjørnejakta i Sunndalen i 1912 av Skule Oppstryn er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: 5. til 7. klasse, 2010
Kjelder: Skrive i ”Grendatidende” av elevar i 6. klasse og lærarar ved Storesunde skule, 1985-86.
Kommune: Oppstryn

1 Comment

  1. hei :D Bra artikkel ! :P <3 Oppstryn skule :D <3 der går eg :D

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *