Sidemeny+

Juleførebuing i barnehagen

Posted on 8. des 2009 by in Pedagogikk, Skular og barnehagar

Lyslykt skaper stemnig i vintermørke

Jula er ei kristen høgtid til minne om Jesu fødsel, men jula er prega av stress og kjøpepress. Jul var opprinnelig eit fellesnordisk namn på den norrøne midtvintersfesten, jólablot, som blei markert omkring vintersolverv. Med innføringa av kristendommen blei jul ei høgtid til minne om Jesu fødsel. I dagens samfunn ser vi at jula i stor grad blir prega av kjøpepress og stress. Julevarene vert sett fram i butikkane allereie i oktober, noko som påverkar at juleførebuinga begynne stadig tidlegare.

Plassering i kart

Ein tradisjon i endring
Tradisjonane har endra seg slik at vi feirar før jul med julebord, førjulsbesøk og juleavslutningar i barnehage, skule og på fritidsaktivitetar. I den tida vi har det som mest travelt med å gjere klart til høgtid, skal vi også ha tid til ei rekkje sosiale aktivitetar.

Rammeplan for barnehagen seier at personalet skal gje barna kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, og la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna gjennom høgtidsmarkeringar.

I Tusenfryd barnehage ynskjer vi ei juleførebuing som er motvekt til stress og kjøpepress. Målet er ei adventstid med glede, stemning, og med tid for ro og ettertanke. Adventstida er ei ventetid; vi skal ikkje feire jula på førehand, vi skal førebu den. Framfor alt er jula familien si høgtid. Derfor bør barnehagen ”halde igjen” slik at vi ikkje ”brukar opp” og øydelegg for høgdepunkta i heimen.

Juleførebuing i Tusenfryd barnehage:

I desember legg vi ein del andre rutinar til side, slik at vi skal kunne ha rolege kvardagar i ei elles travel tid. Vi tenner adventslys på måndagar, slik at familien kan gjere det heime først. Kvar dag i adventstida opnar vi ein kalendar der barna gjev bort leikar i staden for å få. Vi har ikkje juletre i barnehagen, fordi det ferdigpynta treet er eit høgdepunkt for heimen.  Mange foreldre opplever eit stort press knytt til å stille på ei rekkje ulike juleavslutningar. Derfor inviterer vi til nyttårskaffi i staden for å ha foreldrekaffi i desember.
Mål for juleførebuing i Tusenfryd barnehage:

  • vi skal formidle dei bibelske hendingane som er bakgrunn for vår julehøgtid
  • barna skal få kjennskap til og ta del i juletradisjonar som er ein del av vår kultur
  • barna skal få ei adventstid i barnehagen der vi legg vekt på glede, ro og stemning
  • adventstida er ei ventetid; vi skal ikkje feire jula på førehand, vi skal førebu den

Tiltak:

  • adventskrok med stjernehimmel
  • adventsamling kvar dag; vi tenner lys, opnar adventskalender, syng julesongar m.m.
  • vi formidlar julebodskapen frå bibelen gjennom bøker, forteljing og drama
  • vi formidlar kjende juleforteljingar
  • barna lagar julepynt; alle skal få lage ein ting kvar som dei får ta med seg heim til jul
  • vi bakar julekaker saman med barna i små grupper
  • luciafeiring
  • nissefest

CC BY-NC 4.0 Juleførebuing i barnehagen av Jorunn Klveiven er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jorunn Liv Kleiven, 2009