Sidemeny+

Røykfylt årestove skapar mellomalderstemning

Posted on 23. nov 2009 by in Immateriell kulturarv, Pedagogikk

Det var stemningsfylt i årestova for elevane frå Lærdalsøyri skule

Elevane frå Lærdalsøyri skule blei motekne på dei Heibergske samlingar på mellomaldervis. I pilegrimsklede og rundt eldstaden i den gamle kvammestova kom dei rett inn i mellomaldertida. 

Plassering i kart

Røykfylt årestove skapar mellomalderstemning
På dei Heibergske samlingar fekk elevane frå Lærdalsøyri skule oppleve korleis menneska levde og arbeidde i mellomlalderen. Dei blei tekne imot i ei røykfylt og nesten mørklagt årestove. Årestova er eit godt eksempel på eit vanleg hus frå denne tida og kom opprinneleg frå Borgund i Lærdal. Elevane hadde på seg mellomalderklede og gjekk rett inn i ei scene frå denne tidsepoken. Anna Avdem viste elevane korleis dei laga eld, spann ull til garn, malte korn og kinna smør. Elevane fekk eit godt inntrykk av korleis det var å leve og arbeide på denne tida. Elevane prøvde også ein del verktøy sjølve, noko som skapte stort engasjement. Til dømes fekk dei prøve å male korn, spinne ull, og byggje hus med laftestokkar.

Vakker song skapte stemning på museet.
Elevane var også ein tur innom sjølve museet der dei fekk sjå på landbruksreiskap frå denne tida. I utstillinga blei det også vist ulike gjenstander frå stavkyrkjer omkring. Blant anna fekk elevane sjå det opphavlege dragehovudet frå Borgund stavkyrkje, som klassen hadde vitja 2 veker før. Elevane framførte vakre songar frå mellomalderen mellom to store kyrkjedørar. Det heile blei svært stemningsfylt, og ei god oppleving for 5. klasse ved Lærdalsøyri skule.

Eigne erfaringar gir elevane ny lærdom
Ekskursjonen til museet vart ein stor suksess fordi elevane kunne oppleve og eksperimentere sjølve. Dette gav elevane ny kunnskap utan at dei hadde bruk for ei einaste bok. Mange var glade for at dei kunne reise tilbake til varme røykfrie hus denne dagen.

For å sjå "undervisningsopplegg utanfor skulen skapar stort engasjement" trykk her
 

For å sjå "pilegrimsferd- ei vandring til Borgund stavkyrkje"  trykk her

For å sjå "reisa til mellomalderen" trykk her

CC BY-NC 4.0 Røykfylt årestove skapar mellomalderstemning av Johanna Jansen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Johanna Jansen,2009
Kommune: Årdalstangen