Sidemeny+

Drapsmannen Helje Bagge

Posted on 18. mai 2008 by in Immateriell kulturarv

Helje Bagge var futen som vart lyst fredlaus etter at ny futen vart drepen under eit møte på Heggdal rundt 1515.

Plassering i kart

Drapet på futen

 

Helje Bagge, fut i Nordfjord kring 1515, busett på Heggdal i Innvik. Futen som overtok etter Bagge kravde inn meir skatt enn han hadde rett til, og både Bagge og bøndene protesterte. Nyefuten nekta å bøye seg. Bagge slo seg saman med bøndene, og under eit møte på Heggdal klemde dei futen til døde mellom tingbordet, ei stor steinhelle, og veggen i tingstova.

 

Lyst fredlaus 

 

Bagge vart lyst fredlaus og alle som ville kunne drepe han. Derfor måtte Helje rømme. Det vart sagt at han rømde til fleire stader og der i blant over fjorden og opp i Ulvedalsjølet. Der fann han ei lita hole som han budde i 3 år. Kona til Helje rodde over fjorden i all stillheit og la ut mat til han på avtalte stadar. Dei torde ikkje å møte kvarandre i frykt for at ho skulle lede nokon fram til Helje.

 

Drapet på munken i Selje kloster

 

Helje Bagge skulle få sjansen til å få fridomen sin attende. Då måtte han reise ut til Selje kloster for å ta livet av ein munk som hadde blitt sinnsjuk. Munken var sterk og hadde gjort mykje skade. Helje Bagge var kjent for si styrke og rå muskelkraft. Han tok med seg sonen sin og rodde ut til klosteret. Når dei la til land der, var det berre Helje som gjekk i land. Han ville nemleg ikkje risikere livet til sonene sine for at han skulle få fridomen attende. Det vart ein lang og hard kamp som Helje gjekk sigrande ut av. Han kunne etter dette ro attende og leve som ein fri mann på Heggdal i Innvik.

 

Baggehola i dag

 

Fram til midten av forgje århundret  var det ingen som hadde funne fjellhola som det vart fortalt om i denne mange hundre år gamle segna. Etter at ho vart funnen er det bygt trapper og stigar som gjer det mogeleg for alle å sjå hola og det ville fjellet rundt.

CC BY-NC 4.0 Drapsmannen Helje Bagge av Pål Espen Trøsken er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Pål Trøsken, 2008
Kjelder: Fylkesleksikonet.no
Kommune: Ulvedal