Sidemeny+

Fresvik skule

Posted on 14. feb 2008 by in Jordbruk

Foto: Fresvik skule cbn

Fresvik skule jannuar 1999

Fresvik skule omfattar i dag skule, gymnastikksal, barnehage og bibliotek. I tillegg blir skulen brukt til mykje anna. Korps, musikkskule, kunstskule og dametrim er berre nokre av dei aktivitetane som du kan finne på skulen på kveldstid. Skulehuset blei bygd i 1948 og er det eldste skulehuset i kommunen.

Plassering i kart

Bygginga av skulen

 I 1946 starta arbeidet med eit nytt skulehus. Arkitekt var Olav Vangsnes. Først fekk dei ikkje løyve til å byggje gymnastikksalen, men i 1949 fekk dei dette. Skulen vart og teke i bruk same året. I november 1950 blei skulehuset innvigd. Seinare har skulen fått både barnehage, bibliotek og scene påbygd. Hausten 2007 blei baksida av skulen restaurert.


 Nye tider

 I 1968 fekk Fresvik skule sin første rektor, Bjarne Bjørkevoll. Han har vore rektor heilt til våren 2007 då Jarle Christensen blei ny.


 Allereie i 1975 vart Fresvik barnehage starta under namnet Fresvik småbarnsklubb. I 1987 vart det planlagt å byggje bibliotek og barnehage. Kommunen hadde lite pengar, men det vart gjennomførd. 18.11.1991 vart barnehagen og biblioteket offisielt opna.


 I 1981 kom det også ungdomskule til Fresvik. Før måtte elevane på 8. og 9. trinn fylgje båt til Leikanger for å gå på ungdomskule.


I 1998/99 vart det påbygd scene med lagerplass under. Denne har blitt brukt svært flittig til musikk og drama.


 Fresvik skule i dag.

 Me er ein liten skule med 28 elevar frå 1-10. klasse. Me har to elevbedrifter, mellomtrinnet driv Blomsterpatruljen og ungdomsskulen driv Eplepressaradn. Blomsterpatruljen har sitt eige drivhus der dei dyrkar planter og blomster. Dette sel dei til bygdefolket. Eplepressaradn pressar eplesaft og sel.


 Sommaren 2007 kom ballbingen på plass. Dette er svært populært blant elevane. Elvane er veldig flike til å lage underholdning, så opninga vart kjempe vellukka.


 Jule og sommaravslutning

Kvart halvår inviterer skulen bygdefolket til ei kjekk avslutning. Dette er veldig populært. På programmet er musikk og drama viktigast. Sommaravslutninga er ei markering for 10. klassen som sluttar på Fresvik skule etter ti år.


 IKT

 Skulen har satsa høgt på IKT. I 1983 vart dei første datamaskinene tekne i bruk. I 1996 var datamaskinene i nettverk og kopla opp mot internett. Data er eit nyttig hjelpemiddel som kan brukast i alle fag. Dette gjer undervisninga enklare for både lærarar og elevar.


Elevane

Her på skulen kjem ikkje elevane berre frå Fresvik. Elevar frå Nederland, Polen og Thailand har og funne seg til rette her.


 Her på skulen kjenner alle kvarandre. Det er godt samarbeid mellom klassane. Småskulen og barnehagen arbeider tett saman. Ungane i 1. klasse er to timar i veka inne i barnehagen og leikar. 5 åringane i barnehagen er på skulen ein time i veka. Mellomsteget og ungdomskulen les for barnehagen ein gong i veka.


Fresvik skule er kanskje ein liten skule, men dette er det mange fordelar med. Elevane får fortare hjelp i klassen, det er mogeleg å gjennomføre turar for heile skulen, alle kjenner alle og mykje meir. Det virkar som alle elevane trivst på Fresvik skule.

CC BY-NC 4.0 Fresvik skule av Dag Einar Bøtun er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Vilde Riiser Bøtun, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: www.fresvik.skule.no Skulen vår- Fresvik skule 50 år (utgjevar Fresvik Sogelag/ Fresvik skule) Muntlege kjelder: Bjarne Bjørkevoll, Marianne Skudal
Kommune: Fresvik