Sidemeny+

Skulane i Selje Kommune gjennom tidende

Posted on 21. feb 2007 by in Skular og barnehagar

Her ser vi dei ulike Skulehusa fra start til slutt:

Plassering i kart

Selje
I Selje vart det bygt kombinert skulestove og klokkarbustad i 1864. Knut Halvorsen , som vart lærar og klokkar i 1862, var den første i dåverande Selje kommune med lærareksamen.
I 1882 brann skulehuset på Hove ned og tre av klokkaborna brann inne. Nytt skulehus vart reist på dugnad. I 1926 vart det reist ny skule på Hove. Den ?nye store? skulen vart bygd rundt 1968 til 1971. Dette er ein delt ungdomskule og barneskule.

Kjøde
Kjøde krins fekk skulehus i 1880. Lærar Gregorius Kjøde forskotterte bygginga, og dette huset vart nytta til skule fram til 1950.
Stadlandet
Stadlandet fekk skulehus truleg ein gong på 1880-talet. Paula Eltvik var første kvinelege lærar i Selje kommune då ho vart tilsett i 1895.

Refsnes
Ervik, Årvik og Morkadalkrinsane på Stadlandet fekk skulehus på Refsnes i 1888.
Nordstrand
Nordstranda fekk skulehus i 1893. Krinsen vart lagt ned midt på 1990-talet.
Stokkevåg
Stokkevåg fekk skulehus i 1895, og nytt skulehus då det gamle brann i 1926.
Moldefjorden
Moldefjorden fekk det gamle skulehuset frå Refvik (Vågsøy) flytta dit som skulehus i 1900.
Nordpoll
Nordpoll fekk skulehus i 1905.
Barmen
Barmen fekk skulehus i 1915.
Eide
Eide fekk skulehus i 1917.
Sandvik
Sandvik fekk skulehus i 1918.
Årvik
Årvik fekk skulehus i 1925.
Ervik
Ervik fekk skulehus for småskulen i 1924.

Dagens skular pr.2006:
Selje skule (1.-10. kl.) 211 elevar
Stadlandet skule (1.-10. kl.) 152 elevar
Flatraket skule (1.-7. kl.) 62 elevar
Ytre Stad Grendaskule (1.-7. kl.) 28 elevar.

CC BY-NC 4.0 Skulane i Selje Kommune gjennom tidende av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ole Andreas Solheim 2006
Klassetrinn: Klasse 10
Kjelder: Nrk Fylkesleksikon
Kommune: Selje Kommune